BrimiEventyr_Kirkenær_9927.jpg

Våre vertskap

Våre gjestar skal alle føle seg som ein heidersgjest, og vi legg til rette for at du som gjest ikkje manglar noko. Våre utvalde vertskap gjer alle sitt beste for at du skal vere godt teken vare på. Dei formidlar stolt si historie og vidarefører sine tradisjonar.

Vianvang

GASTRONOMI I JOTUNHEIMEN

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Vianvang er Arne Brimi sin draum, som starta med det fyrste spadetaket i 1998. Namnet Vianvang er det gamle nålevande ordet i fjellet for blomen, Fjelldronning/Bergfrue. Fjelldronninga til Arne Brimi, vart til Vianvang.

Les meir

Andre Etasje

DER TIDA STÅR STILLE

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Midt i Vågåmo sentrum, i ein kvit sveitservilla som skil seg ut blant dei andre bygga omkring, flin det vakre bygget mot deg i kapp med dei tri blide drivarane. Restauranten åpna i juni -19, men er allereie vorte vidkjent for både maten, interiøret, atmosfæra og vertskapet.

Les meir

Bakeriet i Lom

BAKERIET UTAN HEMMELEGHEITER

Overnatting

Bakeri

Aktiviteter

Møterom

Alle har nok høyrt om Bakeriet i Lom, og mange har prøvd seg på ei bakeoppsktift frå ei av bakebøkene til Morten Schakenda. Men har du vore innanfor dørene på bakeriet, vald deg ei rykande fersk bakst, sett deg ved dei store glasa, og nytt baksten medan du har høyrt på, og studert den brusande Bøvre?

Les meir

BrimiBue

MODERNE TRADISJONSGASTRONOMI

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

BrimiBue skil seg litt ut arkitektonisk i sentrum av Lom. Når du kjem inn døra er det trevirke, luft og hemelaga som slår mot deg. Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom, vart draumen til fire gründerar og to kokkar, som begge har hatt læretida si på Vianvang, oppfylt den 17.juni 2017.

Les meir

Fossheim Hotell

HEIMEKOSELIG OG HISTORISK

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Familien Garmo starta i 1897 ein skysstasjon som seinare skulle utvikle seg til å bli Fossheim Hotell. Når du kjører gjennom nasjonalparklandsbyen Lom, er hotellet lett å få auge på. Inne på Fossheim sit historiene i veggane, og dei eldgamle tradisjonane er godt teke vare på.

Les meir

Gammel-Kleppe

KULTURARVHOTELL

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Gammel-Kleppe er eit lite familiedreve hotell. Her finn du gamle freda bygningar, kunst og antikvitetar fordelt på ni suiter på gardstunet. Her kan du bu herkapeleg i blant anna romantisk skapseng, og i hus der dei gamle tømmerveggane er bevare med glasvegger.

Les meir

Brimi Fjellstugu

VELKOMEN TIL MAT OG KVILE

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Brimi Fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa, og er omkransa av høge, stolte fjell. Opprinneleg var Fjellstugu eit gamalt tømra ysthus, som vart sett opp av familien i 1949. Etter dette er plassen bygd ut fleire gonger. I dag arbeider både andre, tredje og fjerde generasjon Brimi saman, og fører tradisjonane vidare. 

Les meir

SOV Lodge

BOUTIQUE HOTELL

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

I hjarta av viltre og vakre Vågå – krinsa av historiske storgardar, eventyrleg kulturlandskap og nasjonalparkane Jotunheimen, Rondane og Reinheimen – finn du SOV Lodge. Eit boutique hotell som har ti ulike hotellrom med interiør med kvart sitt tema, og ei unik villreinsuite. 

Les meir

Juvasshytta

OVER TREGRENSA

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Juvasshytta ligg på 1 840 moh, er bygd i år 1884 på permafrost og ligg ved foten av Galdhøpiggen. Om eit av måla for turen er å stå på Norges tak saman med kollegaene, venene eller familien, er Juvasshytta eit godt alternativ når hovudet og kroppen skal kvile, og energien skal fyllast på.

Les meir

Leirvassbu Fjellstue

BU PÅ FJELLET

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Leirvassbu Fjellstue ligg innerst i Leirdalen med leirvatnet og det majestetiske fjellet Kyrkja på 2030 moh som kulisser. Med gangavstand frå hytta kan du nå over 50 toppar på over 2000 moh. Kjøreturen frå Lom tek ca. 40 minutt, og er ei oppleving i seg sjølv.

Les meir

Nordal Turistsenter

MIDT I LOM SENTRUM

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Midt i hjarta av nasjonalparklandsbyen Lom, finn du Nordal Turistsenter. Med kvitmåla glas, flin inngangspartiet mot deg når du kjem farande. Her bur du sentralt, samstundes ligg Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar kunn ein liten bil- eller busstur unna.

Les meir

Rudi Gard

BONDEROMANTIKK, KULTUR OG TRADISJON

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Rudi Gard ligg i Sør-Fron i Gudbrandsdalen, og er ein naturleg stad å vitja på ferda til eller frå Lom, Jotunheimen og Brimiland, for å fylle på med bonderomantiske-, kultur- og tradisjon-opplevingar.

Les meir

Røisheim Hotell

KULTURHISTORISK OPPHALD

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Røisheim Hotell er eit sjarmerande hotell, som ligg i Bøverdalen ca. 20 minutt frå Lom sentrum mot Sognefjellet. Dei 14 freda husa, der dei eldste er frå 1700-talet, dannar eit eventyrleg tun. Her kan du gå i fotspora til kunstnare og fjellpionerer som søkte til Røisheim på slutten av 1800-talet.

Les meir

Sulheim Vertsgård

BU I EVENTYRET

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Sulheim Vertsgård finn du midt i Bøverdalen, ca. 15 minutt frå Lom, mot Sognefjellet. Garden vart grunnlagt før 900-talet av Sulheim-familien, og har vore i familien si eige sidan. Den herskapelege garden har meir enn 1000 års- historie og tradisjonar.

Les meir

Vaaghals

STARTEN PÅ REISA

Overnatting

Restaurant

Aktiviteter

Møterom

Skal du ta toget oppover Gudbrandsdalen, vil turen starte med ein snarvissit på restauranten, Vaaghals. Med deg får du ei smakfull matpakke som skal nytast på toget med utsikt oppover Gudbrandsdalen.  

Les meir

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar

Leirvassbu

Foto: Liva A. Sulheim