Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
DER TIDA STÅR STILLE
Andre Etasje
Midt i Vågåmo sentrum, i ein kvit sveitservilla som skil seg ut blant dei andre bygga omkring, flin det vakre bygget mot deg i kapp med dei tri blide drivarane. Restauranten åpna i juni -19, men er allereie vorte vidkjent for både maten, interiøret, atmosfæra og vertskapet.
FASILITETAR:
Restaurant
Trinn for trinn oppover mot "Andre Etasje" kjem du nærare lukta og kjensla av å føle seg velkomne, nesten som å kome heim. Her er interiøret henta "heim" frå gavmilde naboar. Gjenbruk er viktig for dei tre drivarane. Her kviler auga på møbler og interiør som gjev kvar enkelt gjest eit minne frå godt attende i tid.
Gjestane rundt bordet vil ikkje støtt få like tallerknar, men maten er oppå er lik, og er trylla fram av gode råvarer og med kjærleik. Alt som blir servert er heimelaga, og råvarene er henta frå lokale leverandører, så ofte der lar seg gjere.