top of page
BONDEROMANTIKK, KULTUR OG TRADISJON

Rudi Gard

Rudi Gard ligg i Sør-Fron i Gudbrandsdalen, og er ein naturleg stad å vitja på ferda til eller frå Lom, Jotunheimen og Brimiland, for å fylle på med bonderomantiske-, kultur- og tradisjon-opplevingar.

FASILITETAR:
BE_Ikoner_04_meet.png

Møterom

BE_Ikoner_04_kjøkken.png

Restaurant

På Rudi Gard bur det fire generasjonar som alle tek del drifta. Øystein, som er vertskap er spelemann med fleire Spelemannsprisar i klassa folkemusikk frå landskappleiken. Han har og gjeve ut fleire cd`ar med gruppa KVARTS. Saman med KVARTS har han vore på mange speleoppdrag både i inn- og utland, og har brukt folkemusikken på mange scener der denne sjeldan er presentert. 

 

Som innehavar av Olavsrosa er Rudi Gard ein framifrå eksponent for aktiv formidling av kulturopplevingar og levande kulturarv. Ynskjer dykk matkurs, kan mat og kultur flettast saman til eit minnerikt måltid.

bottom of page