top of page
MIDT I LOM SENTRUM

Nordal Turistsenter

Midt i hjarta av nasjonalparklandsbyen Lom, finn du Nordal Turistsenter. Med kvitmåla glas, flin inngangspartiet mot deg når du kjem farande. Her bur du sentralt, samstundes ligg Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen nasjonalparkar kunn ein liten bil- eller busstur unna.

FASILITETER:
BE_Ikoner_04_meet.png

Møterom

BE_Ikoner_04_kjøkken.png

Restaurant

BE_Ikoner_04_seng.png

Overnatting

BE_Ikoner_04_fjell.png

Aktivitetar

Historia til Nordal starta kring 1894. Da starta familien Nordal med kafé på dagtid, og ferdmannskvile på natta i tillegg til garden. Besøkjande på kafeen var som oftast folk som hadde ærend på butikken eller mølla, eller kom frå kyrkja messesundagen. Fram til 1924 vart bygg reve og nye satt opp att. No hadde Nordal Hotell 11 gjesterom med 25 senger.

 

I dag kan du overnatte i eit av dei 18 trivelege og rustikke romma som har sengeplasser frå ein til fire personar. I tilknyting til turistsenteret finst det 64 hytter og 4-stjernes campingplass, med modernisert sanitæranlegg.

 

I bakgarden på Nordal har dei opparbeida ein fantastisk uteplass. Ein fin vêrdag, med god mat på tallerken og godt i glaset, sit du med Lom stavkyrkje, Lomseggen og den brusande Bøvra som kulissar for måltidet.

bottom of page