5
JOTUNHEIMEN

Gastronomi i Jotunheimen

Har du nokon gong teke med deg dei ansatte på ein matoppleving dei aldri kjem til å gløyme, og som det vil gå gjetord om? Brimi Eventyr gjer den ordinære firmaturen om til ei gastronomisk reise gjennom Gudbrandsdalen og Jotunheimen tre dagar til ende. Målet er lære om den opprinnelege smaken.

GASTRONOMI I JOTUNHEIMEN

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

07:45

Matpakke frå Vaaghals

08:02

Tog frå Oslo S.

12:30

Lunsj

Andre Etasje

14:30

Innsjekk på hotell

15:30

Vinkurs

19:30

4-retters meny

DAG  2

08:00

Frukost

10:00

Matkurs

13:00

Lunsj

14:30

Matkurs 

18:30

Vianvang

DAG  3

08:00

Frukost

11:30

Tog frå Otta S.

15:03

Ankomst Oslo S.

Mål

I eit roleg tempo vil gruppa lære om den opprinnelege smaken, og mat og matkultur i Gudbrandsdalen. Gjennom fleire gode måltid, blir det tilrettelagt for lange og gode samtalar.

 

Dag 1

Den gastronomiske reisa startar saman med kvitande morgonfuglar, når nista vert henta på restauranten, Vaaghals. For å få utnytta reisa fult ut, rullar morgontoget frå Oslo S. til Otta Skysstasjon kl. 08:02.

 

På Otta vil gastrobussen stå klar, og i setet vil det ligge ein liten «smakebæta». På turen i retning Lom, vil det bli lagt inn tre stopp. Fyrste stopp er Sve Grad. Her vil dei opne dørene til gardsbrenneriet sitt. Eit innblikk i produksjonen og ein smak på brygget, vil det også sjølvsagt bli.

 

Etter ein liten «knert» går gastrobussen til Vågå sentrum, og 70-tals eteplassen, Andre Etasje. Når maten er fortært, og energinivået er på topp att, set vi kursen mot Lom Bryggeri. Her blir det ei omvising i bryggjeriet, med innblikk i kunsten å lage øl, og smak av dei forskjellige ølsortane dei har.

 

Nasjonallandsbyen Lom er neste port på programmet, etter at kvar enkelt har fått utdelt ei seng på hotellet. «Rusle & eta» er ein rusletur gjennom sentrum av Lom. Rusleturen blir leda an av ein kjent-mann. Her vil det bli gode smakar på dei forskjellige lokale eteplassane. Dagen vert avslutta med ein fleire rettars middag på hotellet.

 

Dag 2

Dag to vil bli ein lærerik dag, med kurs i mat, vin, øl eller bakst. Her går det også an å leggje inn litt eigentid, eller fleire gode smakar med ei vandring i Lom sentrum. Dagen vert avslutta med ein eventyrleg kveld på Vianvang saman med Arne Brimi. Kvelden på Vianvang startar med ein liten spasertur på ca. 500 meter, så ta på gode sko og klede til å være ute i. Inne på gardstunet helsar Arne Brimi på kvar og ein, før det blir nokre gode smakar. Når Arne ynskjer velkomen inn, ventar mykje god fingermat, før fleire jælma gode rettar blir servert ved bordet. Undervegs i måltidet vil Arne fortelje, skrøne, og be på ei omvising i vinkjellaren. Etter ein eventyrleg kveld på Vianvang, blir det buss til hotellet, der nyoppredde sengjar ventar.

 

Dag 3

På avreisedagen blir det buss til Otta Skysstasjon. På Ringebu vil det koma ei god niste frå Annies Pølsemakeri levert ombord på toget.

 

Takk for turen!

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar