top of page
1
BRIMILAND OG LOM

Brimi – I naturens kjøken

Har du vore i Brimiland nokon gong? Bli med Brimi Eventyr til landet som ikkje er teikna inn på noko kart, ikkje i atlas eller på globus. Men landet finst; mellom Vågå og Lom. I tre dagar til ende med aktivitet, teambuilding, gode samtalar og mykje god mat og drikke, er målet å lære om og kjenne nye smakar.

BRIMI – I NATURENS KJØKEN

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

13:45

Matpakke frå Vaaghals 

14:02

Tog frå Oslo S. 

18:30

Vianvang

23:30

Innsjekk på hotellet

DAG  2

08:00-10:00

Frokost

10:30
Aktivitet i
Klatreparken

13:00

3-retters bållunsj

14:30
Kokkekamp og brubygging

16:00

Egentid

19:00

4-retters meny

DAG  3

10:00

Utsjekk og avreise

11:30

Tog frå Otta

15:03

Ankomst Oslo S.

DAG 1

Dagen startar på perrongen på Oslo S. kl.13:45. Her vil Christer frå Vaaghals kome med matpakke til kvar enkelt som skal nytast på togturen oppover Gudbrandsdalen. På Otta Skysstasjon blir det buss for tog til Brimiland og Arne Brimi sin eteplass, Vianvang.

Kvelden på Vianvang startar med ein liten spasertur på ca. 500 meter. Ta på gode sko og klede til å være ute i. Inne på gardstunet handhelsa Arne Brimi på kvar og ein, før det blir nokre gode smakar både av fast- og flytande føde ute ved bålplassen. Når Arne ynskjer velkomne inn, ventar mykje god fingermat, før fleire smakfulle rettar blir servert ved bordet. Undervegs i måltidet vil Arne fortelje, skrøne, og invitere til ei omvising i vinkjellaren. Etter ein eventyrleg kveld på Vianvang, blir det buss til hotellet.

 

DAG 2

Ikkje stress. Nyt ein lang og god frukost. I dag startar dagen i Brimiland med aktivitetar i BrimiSkogen Klatrepark. Etter at kroppen har fått rørt på seg litt, blir det ein 3-retters bållunsj med småskrøning og historieforteljing ute ved bålkjøkenet. Når energinivået er på topp att, står teambuildingskonkuransane kokkekamp og brubygging for tur.

 

Etter at vinnaren har vorte kåra, og har fått både heider og ære, vil bussen rulle attende til hotellet. Etter litt kvile blir det ein 4-rettars middag, etterfylgt av sosialt i baren eller framfor peisen til seine nattetimar, for den som ynskjer det.

 

DAG 3

På avreisedagen blir det buss til Otta Skysstasjon, der toget rullar i retning Oslo S.

 

Takk for besøket!

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 99 69 38 91 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

bottom of page