top of page
GASTRONOMI I JOTUNHEIMEN

Vianvang

Vianvang er Arne Brimi sin draum, som starta med det fyrste spadetaket i 1998. Namnet Vianvang er det gamle nålevande ordet i fjellet for blomen, Fjelldronning/Bergfrue. Fjelldronninga til Arne Brimi, vart til Vianvang.

FASILITETAR:
BE_Ikoner_04_kjøkken.png

Restaurant

Alle besøkande på Vianvang må koma gåande til gards. Dei 500 metrane du må gå, gjer at du blir akkurat passe svolten og tyst når du set føtene dine inn på gardstunet. Der blir du ønska velkomen med eit fast handtrykk av Arne, før du får eit stettgals i den eine handa og ein liten smak frå fjellet i den andre, medan Arne fortel om korleis Vianvang vart til, og ideologien bak det heile.

 

Inne blir dykk møtt med fyr på peisen, og benkar og bord som bugnar av fingermat som skal vekke smakslaukane til einkvan gane, før du set deg ti bords og matserveringa tek til for fult.

 

Dykk vil fyrst få servert ein forrett, så hovudrett som vanlegvis er enn rett av fisk, og ein av kjøtt. Husk å halde av plass til desserten og osten som kjem etter hovudretten, for her ventar det mykje godt!

 

Undervegs under måltidet vil Arne fortelja om kva dykk får servert, korleis det vert laga, og tanken bak kvar rett. Han vil også gå rundt og bed dykk med ned i vinkjellaren sin.

 

Like før middnatt takkar Arne for besøket, og ynskjer dykk vel heim att!

bottom of page