Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
HEIMEKOSELIG OG HISTORISK
Fossheim Hotell
Familien Garmo starta i 1897 ein skysstasjon som seinare skulle utvikle seg til å bli Fossheim Hotell. Når du kjører gjennom nasjonalparklandsbyen Lom, er hotellet lett å få auge på. Inne på Fossheim sit historiene i veggane, og dei eldgamle tradisjonane er godt teke vare på.
FASILITETAR:
Møterom
Restaurant
Overnatting
Før skysstasjonen vart lagt ned, kring fyrste verdskrig, dreiv dei i tillegg gard og hotell. Når andregenerasjon Garmo tok over drifta, vart det gjort store endringar. Bygg vart reve, og nye kom opp. Dr. Garmo, som den gongen var drivar, var utdanna doktor og tannlækjar. Han bygde i tillegg til hotell og gardsbruk, ei fysikalsk avdeling på hotellet. I dag er Fossheim eit reindyrka hotell, og fjerdegenerasjon Garmo styrer nøkkelknippet.
Kjøkenet på Fossheim fekk vind i seila, etter at den nyutdanna kokken Arne Brimi i 1978 banka på døra, og spurte etter arbeid. Arne trylla fram rettar med smakar som det gjekk gjeteord etter. Ikkje berre i Lom, men i vide krinsar. Både smakane og historiene sitt att i veggane når du sett deg til bords, og ser den vakre Lom stavkyrkje gjennom dei småruta glasa.
På Fossheim har dei ca. 100 sengeplassar fordelt på rom inne på hotellet, rom i Amerika-bygget og i hytter. Romma er pussa opp på ein heimekoseleg og landeleg måte.
Treng du møterom, kan Fossheim tilby tre forskjellige lokalar for små møter, og større grupper på inntil 60 personar. Avhengig av kva møterom du treng har dei; prosjektor, lerret, flippover, overhead, musikkanlegg og whiteboard.