4
DJUPDYKK

Vågå - Aktiv matopplevelse 

Bli med Brimi Eventyr på ein aktiv, smakfull og herskapeleg firmatur i og rundt Vågå. Vi besøker skulte perler, fyller på med mykje god mat og drikke, og held eit akkurat passe aktivitetsnivå. Målet for turen er å få meir kunnskap om det vi er så stolte av; maten, drikka, naturen og kulturhistoria. 

DJUPDYKK I GUDBRANDSDALEN

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

07:45

Matpakke frå Vaaghals

08:02

Tog frå Oslo S.

12:00

Ankomst og innsjekk

13:00

Lunsj

14:30

Sve gardsbrenneri

18:30

Vianvang

DAG  2

08:00

Frokost

10:00

El-sykkeltur

13:00

3-retters bållunsj

14:30

El-sykkeltur

18:30

4-retters meny 

Andre Etasje

DAG  3

Heim att

Dag 1

Denne turen startar allereie i Oslo kl.07:45, nærare bestemt på Vaaghals. Her har kokkane laga ei god nistepakke som skal nytast på togturen, saman med utsikta oppover Gudbrandsdalen.

Ved ankomst Vågå blir det ein god lunsj. Etter litt påfyll av mat og drikke, blir det ein liten spasertur til Sve gardsbrenneri. Her blir det omvisning på brenneriet, og sjølvsagt ein smak på brygget. Når brygget er fortært, blir det muligheit for ein cowboystrekk eller sosialt før turen vidare går til Arne Brimi sitt eteplass; Vianvang. 

Kvelden på Vianvang startar med ein liten spasertur på ca. 500 meter. Ta på gode sko og klede til å være ute i. Inne på gardstunet håndhelsa Arne Brimi på kvar og ein, før det blir nokre gode smakar både av fast- og flytande føde ute ved bålplassen. Når Arne ynskjer velkomne inn, ventar mykje god fingermat, før fleire smakfulle rettar blir servert ved bordet. Undervegs i måltidet vil Arne fortelje, skrøne, og be på ei omvising i vinkjellaren. Etter ein eventyrleg kveld på Vianvang, blir det buss til hotellet.

 

Dag 2

Dag to startar med ein lang og god frukost. Smør gjerne ei lita matpakke, for i dag blir det mykje frisk luft. Brimi Eventyr bruker berre dei beste guidane. Desse vil gjere el-sykkelturen trygg, lærerik og innhaldsrik.

Rett før magen byrjar å rumle blir det ein 3-retters bållunsj, med noko attåt. Frå "leirplassen" rullar turen attende til overnattingsstedet. 

 

Dagen vert avslutta på restauranten; Andre Etasje i Vågå. Restauranten befinn seg midt i Vågåmo sentrum i ein kvit sveitservilla som skil seg ut blant dei andre bygga omkring. Restauranten åpna i juni -19, men er allereie vorte vidkjent for både maten, interiøret, atmosfæra og vertskapet. 

r seg gjere.

 

Dag 3

På heimreisedagen blir det buss til Otta Skysstasjon, og toget som rullar attende i retning Oslo S.

 

Takk for nå, vel heim, og velkomne attende.

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar