Aktivitetar
Det finst mange måtar å oppleva den store naturen i Gudbrandsdalen og Jotunheimen på, og våre aktivitetar kan gje alt frå adrenalin til indre ro. Målet er å lære nye ting, samt få ny kunnskap om historie og kultur. Aktivitetane variera gjennom dei forskjellige sesongane.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
RUSLETUR MED MAT OG UTSIKT
Steinbua
Ein liten rusletur på ca. 2 timar fra Brimi Fjellstugu ligg Steinbua. På veg opp hit vil ein kjentmann fortelje historier, og kva ein ser. Turen er forhaldsvis enkel, men akkurat lang nok å bli passe svolten på turen. Vel framme på Steinbua, har sherpaene tilbereia ein 3-retters bål-lunsj. Eimen av denne kjem sivande innover den siste sletta.
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
UTEKJØKEN
BrimiSkogen - Bål-lunsj
I tilknyting til Klatreparken og koiene har vi opparbeid eit utekjøken med amfi. I amfiet sit du og ser ned på blant anna Arne Brimi som tilbereder ein 3-retters bål-lunsj, medan han utleverer kunnskapen om maten som blir servert, og gode skrønerhistorier. Bål-lunsjen vert ofte kombinert med aktivitetar i BrimiSkogen.
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Gundersen og Meg
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Gundersen og Meg
LAGARBEID
Kokkekamp
Ynskjer du å utfordre gruppa di i ei konkurranse der lagarbeid er viktig for å gå av med sigeren? Dette er ei konkurranse som er laginndelt, der samarbeid er viktig. Ein liten kunnskap om råvarene dykk få utdelt er sjølvsagt og ein fordel. Fin aktivitet for teambuilding.
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestovld og Juvasshytta
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestovld og Juvasshytta
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestovld og Juvasshytta
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestovld og Juvasshytta
NOREGS TAK
Galdhøpiggen
På 2469 moh står du på toppen av Noregs tak. Fjellet ruvar over tindane rundt, noko som gjev ein fantastisk utsikt over Jotunheimen. På turen vil du også få oppleva brevandring når Styggebrean skal kryssas. Tenk å nå toppen av Noreg saman med kollegane, venene eller familien!
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
VERDKJENT UTSIKT
Besseggen – Vår/sommer/høst
«Har du sett den Gjendin-eggen noen gang»? Vi tek deg trygt over den skarpe fjellryggen som er ein av Noregs mest populære og mest gåtte fjelltur. På toppen av sjølve eggen har du ei fantastisk utsikt innover Jotunheimen og Gjendealpane. Det høgste punktet på turen er Veslfjellet på 1743 moh.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/Gjendeguiden
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/Gjendeguiden
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen/Gjendeguiden
KLEDD I VINTERDRAKT
Besseggen – Vinter
«Har du sett den Gjendin-eggen noen gang – kledd i hvitt? Nærare 70 000 går turen om sumaren, men på vinteren er det ikkje mange som tek turen. Vi tek deg trygt opp eggen saman med våre lokale guidar, som er lommekjente over den majestetiske Besseggen. Høgste punktet på turen er Veslfjellet på 1743 moh.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
GODE RÅVARER
Matkurs
Med fleire kjente namn på laget som Arne Brimi og Kristoffer Hovland, blir eit matkurs i Lom eller i Brimiland eit matgilde. Med utgangspunkt i gode råvarer blir du inspirert og lærar meir om «den gode og opphavelege smaken». Ideane frå kurset tek du med heim, og deler med familie, vener eller kollegaer.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
LÆRDOM OG SMAK
Vinkurs
Even Brimi, son av Arne er utdanna sommelier på Kulinarisk Akademi, og er vinkelner og servitør på Vianvang. Han vil med sin brede kunnskap innan faget, lære frå seg kva du skal fokusere på når det gjeld å nyte og servere vin, om dyrking og kva dyrking gjer med smaken av vinen.
Foto: Ove Nestvold
Foto:Brimi Eventyr
Foto:Brimi Eventyr
Foto: Ove Nestvold
LOKALE PRODUSENTAR
Ølsmaking
Midt i Lom sentrum finn du Smak i Lom, ein intim- butikk og kafé som sel småskala mat- og drikkevarer. Inne i kafeen kan du få smake på det lokalproduserte lagerølet; Lomb. Ølet har lokal tilknyting enten det gjeld bruk av råvarer, historie eller geografi. Lom Bryggeri har bryggeriet sitt på Grjotheim gard i Lom
Foto: Badstugu i Vågå
Foto: Badstugu
Foto: Badstugu i Vågå
Forfriskande varmt
Flytande badstugu
Både sommar og vinter kan badstugu nyttast til oppvarming av kropp og skjel med eit forfriskande bad i det irrgrøne Vågåvatnet. Badstugu er flotande og ligg ein liten rusletur på ca.10 minutt frå Vågåmo sentrum. Med utsikt til 2000 meters toppar, kan du anten varme deg inne, bade i Vågåvatnet eller ligge på taket å nyte den friske lufta.
Foto: Kristoffer Mæle Thuestad
Foto: Kristoffer Mæle Thuestad
Foto: Kjell Erik Reinhartdsen
Foto: Kristoffer Mæle Thuestad
FRÅ STEINALDEREN TIL I DAG
Norsk Fjellsenter
Norsk Fjellsenter er eit museum for fjellturismen si utvikling, brearkeologien med gjenstandar heilt attende til steinalderen som er smelta ut av isen på grunn av klimaendringar. I tillegg er dei eit mini-vitensenter, og er besøkssenteret for nasjonalparkane; Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
OVERNATTING PÅ ENKEL VIS
BrimiSkogen - Koie
I BrimiSkogen finst det tre koier som dannar et nett tun med plass til seks personar i kvar koie. Her kan du overnatte på enkel vis utan straum og vatn, men med varme frå ein sprakande ovn. Koiene er knytt saman med klatreparken og bålkjøkenet, og sanitæranlegget tilhøyrande BrimiSkogen kan sjøvsagt nyttast.
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
ISBLÅTT MINNE
Brevandring
Ein dag på Blåisen, blir eit minne for livet. Du treng ikkje bli kjei, for her er heile poenget å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på stuttast mogleg tid. Her får du sjå sprekker, grottar og tårn i isen. Kanskje har du lyst til å krabbe gjennom instunnel, bli fira ned i ein issprekk eller klatre med isøks?
Foto: Visit Jotunheimen
Foto: Visit Jotunheimen
Foto: Visit Jotunheimen
MAJESTETISK OVER LOM
Lomseggen
Ein bratt oppoverbakke på dryge 900 høgdemeter opp frå Lom sentrum ligg majestetiske Lomseggen på 1289 moh. På turen går du inn i Breheimen nasjonalpark, og når du kjem over tregrensa får du utsyn til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane, samt det høgste fjellet av dei alle; Galdhøpiggen.
Foto: Norsk Fjellsenter
Foto: Johan Wildhagen
Foto: Johan Wildhagen
Foto: Norsk Fjellsenter
UTFORSK ISTUNNELEN
Klimapark2469
Utforsk fortid og notid i istunnelen ved Galdhøpiggen! 50 meter inn i isen og 7000 år attende i tid, blir du guida gjennom den unike istunnelen. Turen er ei kjelde til kunnskap om klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar.
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
Foto: Cathrine Dokken
HØG UTFORDING
BrimiSkogen Klatrepark
I BrimiSkogen Klatrepark, blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Klatreparken har fem løyper hengande oppe mellom trea. Løypane har ulike vanskegradar, og er i ulike høgder over bakken. Det er lagt opp til at ein undervegs kan få hjelp til å koma seg ned på bakken att når ein sjølv vil.
Foto: Johan Wildhagen
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Johan Wildhagen
MIDT I LOM SENTRUM
Zip-line
Når du kastar deg ut i zip-linen, som er spent opp under brua i Lom sentrum, vil brevatnet frå fossen sprute i ansiktet ditt, medan den grøne elva bølgjer seg rett under føtene dine.
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
SAMARBEID
Brubygging
Er du god på brubygging, er du ein praktikar, strukturert eller god til å samarbeide og sjå heilheita? Her blir det utfordringar for alle. Samarbeid er nøkkelen for at laget til slutt skal stå att med siger under føtene, når bura skal visas fram, og testas ut.
Foto: Galdhøpiggen Sommerskisenteret
Foto: Galdhøpiggen Sommerskisenteret
Foto: Galdhøpiggen Sommerskisenteret
Foto: Galdhøpiggen Sommerskisenteret
SHORTS OG ALPINSTØVER
Galdhøpiggen Sommerskisenter
På Galdhøpiggen Sommerskisenter kan du frå mai til november stå på ski i alpinanelegget. Juvbreen har ein heis, og ein nedfart fordelt på 25 trasear. Det finst og ein park, og frikjøringsområde. Blir du svolten eller kald kan du få att varmen og fylle på med energi inne i kafeen.
Foto: Live Andrea Sulheim
Foto: Live Andrea Sulheim
Foto: Live Andrea Sulheim
Foto: Live Andrea Sulheim
TILGJENGELEG UTSIKT
Kyrkja
Midt i Jotunheimen, ved Leirvatnet og Leirvassbu, ligg det spisse og karakteristiske fjellet Kyrkja på 2032 moh. Det at Kyrkja ligg så lett tilgjengeleg, kombinert med den unike utsikta frå midten av Jotunheimen, gjer fjellet til eit svert populært turmål.
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
UNDERJORDISK OPPLEVING
Grottevandring
Grottene som vi vitjar vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan ved at surt vatn løyser opp marmor som vert vaska burt saman med porøse bergartar, medan dei harde består. I grottene vil du oppleve underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
Foto: Kjell Erik Reinhardtsen
LOKALE SMAKAR
Akevitt på Sve Gardsbrenneri
I låven på Sve gard har dei innreia til eit moderne brenneri, med brannsikkert alkohollager og rom for destillering. Her finst det einaste apparatet i Noreg, utanom industrien som klarar å lage rein nok sprit til å laga Vodka, Gin og Akevitt. Smakstilsettinga på spriten er lokale smakar frå beite- og utmark.
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
Foto: Aktiv i Lom/Ove Nestvold
MIDT I ELDORADOET
Randonnèetur
Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleva på ski om vinteren, og vi held til midt i eldoradoet. Når vi ligg slikt til, kan vi velje mellom mange turar, og legg turane dit skiføret er tryggast og best. Vi brukar sjølvsagt dei beste og mest erfarne guidane, som er lommekjente i området.
Foto: Ola-Rossehaug
Foto: Johan-Wildhagen
Foto: Live Andrea Sulheim
Foto: Ola-Rossehaug
BLI KJEND
Rusletur i Lom sentrum
Ein rusletur i Nasjonallandsbyen Lom, med innlagte stopp på fleire serveringsstader som Bakeriet i Lom, Smak i Lom og BrimiBue. Her blir det små smakar som set i sving smakslaukane. Vi har og moglegheit til å fylle på med historiske og kulturelle innslag ved å vitja Stavkyrkja og Norsk Fjellsenteret.
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Kjell Erik Renhardtsen
Foto: Brimi Eventyr
Foto: Brimi Eventyr
DITT TEMPO
El-sykkeltur
På lydlause jernhestar kan du anten i ditt eige tempo og ruteval, eller med guide oppleva fjellheimen på nært hald. Val av ruter og vanskelegheitsgrad er mange. Du vel sjølv om du vil sykle på dei mange grus- og traktorvegane, eller om du dreg av vegen, og inn på stigane rundt omring i området.
Foto: GoRafting
Foto: GoRafting
Foto: GoRafting
Foto: GoRafting
BRUSANDE SJOA
Rafting
Sjoa er grøn, brusande og omtalt som Noregs beste raftingelv. Raftare og elevpadlare frå alle verdas krikar og krokar kjem til Sjoa for å opplev dei brusande bølgjene og stryka evla har å by på. Nivået på raftingturen blir satt utifrå gruppas ønske.
Foto: Ola Rosshaug
Foto: Ola Rosshaug
Foto: Ola Rosshaug
NYT ROEN
Yoga
Med yoga i Jotunheimen blir du med på ei reise ut i naturen, og inn i deg sjølv. Bli med på rolege yogaøvingar i rolege omgjevnader, og nyt den utrulege kjensla av å få meir energi – midt i hjarta av Jotunheimen.
SAMARBEID
Eventyrkonkurranse
Ei konkurranse beståande av fleire postar, der alle kan delta og den fysiske former ikkje er avgjerande. Øvingane krev både godt samarbeid og kommunikasjon. Her er det like mykje hovudet som får kjørt seg som kroppen.