2
GALDHØPIGGEN

Galdhøpiggen – alle til topps

Har du nokon gong stått på Noregs tak med kollegaene dine? Ikkje? Brimi Eventyr kan gjera dette til ein realitet! Målet med denne turen er at alle skal bestige toppen av Noreg, saman. Men det stoppar ikkje der. Dagen før vil det bli aktivitetar som vil styrke samhaldet i gruppa, og sjølvsagt; mykje god mat og drikke.

GALDHØPIGGEN – ALLE TIL TOPPS

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

07:45

Matpakke frå Vaaghals

13:00

3-retters bållunsj

14:30

Kokkekamp

18:30

Vianvang

23:30

Innsjekk på hotell

DAG  2

07:30

Frukost

10:00

Mot Galdhøpiggen

13:00

På Norges tak Galdhøpiggen 2469

19:30

4-retters meny

DAG  3

08:00 - 10:00

Frukost

18:00

Egentid

08:02

Tog frå Oslo S.

11:30

Tog frå Otta S.

15:03

Ankomst Oslo S.

Dag 1

Den fyrste dagen blir gruppa skjemt litt burt, så niste treng du ikkje smørja. Den må hentas på restauranten Vaaghals, før du sett deg godt til rette i togsetet kl. 08:02, og nyt nista med utsikta oppover Gudbrandsdalen.

 

På Otta Skysstasjon ventar bussen, som rullar i retning aktivitetsdestinasjonen. Vel fremme vil det bli servert ein god lunsj, før kroppen skal aktiviserast. Aktivitetane som det på førehand kan veljast i er blant anna; rafting, klatrepark eller el-sykkeltur.

 

Etter at kroppen har fått prøvd seg litt, køyrer bussen til Brimiland, og Arne Brimi sin eteplass Vianvang. Kvelden på Vianvang startar med ein liten spasertur på ca. 500 meter, så ta på gode sko og klede til å være ute i. Inne på gardstunet helsar Arne Brimi på kvar og ein, før det blir nokre gode smakar. Når Arne ynskjer velkomen inn, ventar mykje god fingermat, før fleire jælma gode rettar blir servert ved bordet. Undervegs i måltidet vil Arne fortelje, skrøne, og be på ei omvising i vinkjellaren. Etter ein eventyrleg kveld på Vianvang, blir det buss til hotellet, der nyoppredde sengjar ventar.

 

Dag 2

Målet for dagen på dag nummer to er Noregs tak på 2469 moh, Galdhøpiggen. Og alle skal til topps, saman! Strekk deg ekstra godt før du står opp, rist laus, ta på deg den beste ulla du har, et ein god frukost, og smør deg ei solid niste. I dag skal du høgt, du skal bli sveitt, du skal få ein fantastisk naturoppleving, og du skal bli akkurat passe kjei.

 

Nede att på Juvasshytta, vil vertskapet stå klar med ei nyspretta og iskald øl, spekemat, og ei god historie, før bussen køyrer attende til hotellet. Nå skal gnagsår stellas, føtene skal leggast høgt, inntrykka frå turen skal samlast, og ein velfortent dusj takast.

 

Denne kvelden blir det ein 4-rettars middag på hotellet med god drikke til. Samtalane vil gå lett, og bildane frå turen studerast frå turen. For den som ynskjer kan samtalane gå enda lettar ved ein tur i baren etter middagen.

 

Dag 3

På avreisedagen blir det buss til Otta Skysstasjon, og toget som rullar attende i retning Oslo S.

 

Takk for turen, god tur heim, og velkomne att!

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar

Pakke 5

Foto: Ove Nestvold