top of page
2
BESSEGGEN VINTER

Besseggen kledd i kvitt

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang, kledd i hvitt? Over 60.000 går der om sumaren, men få går Besseggen om vinteren. Med våre kjentmenn blir firmagruppa di guida over den kvitkledde eggen, med utsyn til dei majestetiske Gjendealpane og Jotunheimen.

BESSEGGEN KLEDD I KVITT

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

Togtur med niste (Frå Vaaghals)

Lunsj (Bessheim)

Sjogleik (Uteaktivitet)

Lær meir om

Fleire gode rettar

Småljuging og store øl

DAG  2

Niste & termos

Utsyn til Gjendealpane

(Besseggen)

Oss et nista i lag

After Besseggen

Ekte stuttreist

Dram eller draum

DAG  3

Heim att

Mål

I løpet av desse dagane blir det påfyll av kunnskap om vinterfjellet, snøskredfare, pakking av utstyr, samt skred- og skiutstyr. På toppen av dette vil det bli servert både mykje god mat og drikke, og ein natur- og turoppleving som blir lagt på minnet.  

 

Dag 1

Dag ein startar på morgonkvisten på restauranten, Vaaghals. Her har kokkane laga ei god og solid matpakke som skal nytast på togturen med utsikt oppover Gudbrandsdalen. Gruppa vil sitja samla, og det blir tilrettelagt for god jobbing to og to, eller i større grupper. Når toget rullar inn på Otta Skysstasjon vil bussen stå å vente. Hugs å sjå ut bussvindauget, og nyt utsikta innover Sjodalen og den kvitkledde Jotunheimen.

 

Etter ein drug halvtime stoppar bussen på Bessheim. Her blir det servert ein god lunsj, før kroppen skal aktiviseras. Aktivitetane blir ute, og er relatert til morgondagens tur over Besseggen. Etter dette blir det innføring og testing av skred- og skiutstyr.

 

Når kinna har vorte raude og fine, og kroppen har fått prøvd seg bitte litt, vil det bli servert middag med fleire gode rettar. Etter middagen står peisestua klar med fyr på peisen, og innbyr til ein sosial kveld med deling av innhald i tursekken.

 

Dag 2

Bruk litt ekstra tid på frukosten, og smør ei solid niste før turen over Besseggen. Når sekken er pakka, skifellane montert, og skredsøkaren satt på, blir det ei lita samling med utstyr- og kammeratsjekk før avmarsj.

 

Rundt høgs dag blir det lunsj, før eggen skal forserast. Når vi er komen opp eggen og står på toppen av Veslefjell, tek vi av fellene på skia og gjer oss klare for ei artig nedkøyring ned att til Bessheim.

 

Vel nede blir det After ski med nokre gode smakar og ølpause, før det blir servert middag med fleire rettars middag. Også i dag er det fyr på peisen, så for den som ynskjer kan det sosiale fortsetta her etter middagen. Turen over Besseggen skal mimrast, og bileta frå dagen delast.

 

Dag 3

På avreisedagen blir det buss til Otta skysstasjon, der toget rullar i retning Oslo S.

 

Takk for turen, vel heim, og velkomne att!

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Takk, du høyrer fra oss!

bottom of page