1
BESSEGGEN

Besseggen – I Peer Gynt sine fotefar

Har du sett den Gjendin-eggen noen gang? Brimi Eventyr og ein kjentmann, tek med bedrifta di til Peer Gynt sitt rike. Saman får kollegane oppleva kniveggen til sjølvaste Besseggen, den storslåtte utsikta og dei vakre fjellvatna med sine fargekontrastar.

BESSEGGEN – I PER GYNT SINE FOTEFAR

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

Togtur med niste (Frå Vaaghals)

Bålsjefen byr på (BrimiSkogen)

Kokkekamp

Kappleik

Fire jælma gode rettar

Småljuging og store øl

DAG  2

Niste & termos

Bli kjent over Besseggen

Oss et nista i lag

After Besseggen

Fleire jælma gode rettar

Dram eller draum

DAG  3

Heim att

Mål

Gjennom turopplevinga og aktivitetane, er målet at gruppa blir knytt enda tettare saman ved ei felles oppleving, og ved å visa omsyn til kvarandre. Aktivitetsnivået vil vere på topp, godt balansert med hygge, samt god mat og drikke.

 

Dag 1

Smaksansane blir allereie vekt til live tideleg om morgonen på avreisedagen. Før toget rullar frå perrongen på Oslo S. kl. 08:02, blir det eit besøk på restauranten Vaaghals. Her har kokkane laga ei god niste til togturen.

 

Når toget kjem til Otta Skysstasjon, blir det buss for tog til BrimiSkogen. Her blir det servert ein 3-rettars bållunsj, før kappleiken; «Kokkekamp». Kokkekamp er ei lagkonkurranse, så gruppa blir delt inn i lag, og kvart lag vil få utdelt  råvarer. Av råvarene skal kvart lag lage ein god rett. Kjennskap til råvarene, og godt samarbeid er avgjerande for om du sit att med sigeren eller sisteplassen. Etter at vinnaren er kåra skal kroppen i sving. Aktivitetane gruppa kan velje mellom er blant anna; EL-sykkeltur og klatreparken

 

Etter ei konkurransefylt og aktiv stund i BrimiSkogen, blir det ein liten busstur til Sjodalen og innsjekk på Bessheim. Ein liten cowboystrekk, ein dusj eller ei ølpause i peisestua vil gjere godt, før ein fleire-rettars middag vert servert.

 

Dag 2

Dag to startar med ein god frukost og smørjing av ei solid niste, før Gjendebåten seglar innover det irrgrøne Gjende til Memurubu. Dette er startpunktet for turen over Besseggen. Undervegs vil den kunnskapsrike guiden fortelja, og svara på eventuelle spørsmål. Guiden er lommekjent, og kan svara på det mest utrulege.

 

«Målgangen» for turen er Bessheim, og «After Besseggen» er neste post på programmet. Etter ei ølpause, dusj og strekk, vantar fleire gode smakar med god drikke til. Etter middagen blir det moglegheit for tullprat i peisestua, mimring og bildedeling frå turen.

 

Dag 3

På avreisedagen blir det buss til Otta Skysstasjon etter frukost, der toget rullar  attende i retning Oslo S.

 

Takk for turen, vel heim og velkomne attende!

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar

Pakke 1

Foto: Ove Nestvold