top of page
OVER TREGRENSA

Juvasshytta

Juvasshytta ligg på 1 840 moh, er bygd i år 1884 på permafrost og ligg ved foten av Galdhøpiggen. Om eit av måla for turen er å stå på Norges tak saman med kollegaene, venene eller familien, er Juvasshytta eit godt alternativ når hovudet og kroppen skal kvile, og energien skal fyllast på.

FASILITETAR:
BE_Ikoner_04_meet.png

Møterom

BE_Ikoner_04_kjøkken.png

Restaurant

BE_Ikoner_04_seng.png

Overnatting

BE_Ikoner_04_fjell.png

Aktivitetar

Det var fjellpioneren Stor-Knud Vole som bygde Juvasshytta i 1884 som eit overnattingssted for gjestane sine. Den gongen som ei steinbu. Fire år etter, sette den spreke fjellføraren opp den fyrste hytta på toppen av Galdhøpiggen.

 

Sidan dei byrja å ta i mot gjestar, har det alltid vore ein frå familien Vole som har teke hand om gjestane, og ynskja dei velkomne til fjells. I dag er det femte generasjon Vole og syskenparet, Per Arne og Silje, som eig og driv Juvasshytta.

 

Med panoramautsikt til både Galdhøpiggen og Glittertind, samt mange andre tindar i Jotunheimen, vil du få servert heimelaga mat der mange av råvarene er lokale og kortreiste. Alt av brødbakst er elta og knadd på kjøkenet, og er rykande ferskt når det kjem på bordet.

 

Ynskjer gruppa di ei ekstra fin avslutning på turen, kan du bli varta opp med god- mat og drikke i Steinbua. Steinbua er ein kopi av den gamle steinbua frå 1884, og blir brukt til spesielle anledningar.

 

På Juvasshytta har dei 120 sengeplassar fordelt på 36 rom. Du kan velje mellom overnatting på rom med 2-4 senger, (dusj/wc på rommet) eller 2-5 sengs rom i nytt losjibygg (dusj/wc i korridor).

bottom of page