
Firmatur i Jotunheimen,
Vågå og Lom
Velkomen til oss i Brimi Eventyr
Vi har plukka frå øvste hylle, og er stolte av å tilby bærekraftige firmaturer med relasjonsbygging, gode møter og opplevingar for deg og dine kollegaer. I våre firmaturer har vi samla det beste naboane våre har å by på av stolte mattradisjonar, stor og vakker natur og levande kultur. Alt sydd saman til ei minnerik og eventyrleg oppleving. Vi er stolte av det vi har å vise fram, og vi gler oss til å ynskje velkomne!
Skreddersydd firmatur
Brimi Eventyr har bretta opp ermene og knadd saman seks forskjellige firmaturer du kan fråtse i. Individuelle ynskjer tek vi imot med opne armar. Vi skreddersyr slik at firmaturen blir perfekt for akkurat di gruppe.
Våre verdiar og mål
Vi har fokus på at gjestane våre skal få ein stor og ekte oppleving saman med oss. På naturen, Jotunheimen og Gudbrandsdalen sine primissar. Våre fokusområder er difor bærekraftig drift, gode vertskap og stolt matkultur. Vi syr det heile saman til ei saumlaus reise.

Bærekraftig
Vi tilbyr opplevingar som spel på lag med naturen. Tog og buss framfor privatbil. Lokal og stuttreist mat. Mat og opplevingar variera gjennom sesongane, akkurat når dei er på sitt beste.
Les meir

Vertskap
Våre samarbeids-partnarar tek vare på dykk, og tilpassar seg dei forskjellige behova. Dei bistår, så alle følar seg som ein heidersgjest, og er takksamme for å kunne formidle si stolte historie til dykk.

Matkultur
I Gudbrandsdalen er vi stolte av matkulturen vår, og den ynskjer vi og formidle gjennom dei forskjellige sesongane. Har du allergiar tilpassar vi maten. Hjå oss skal alle kose seg!

Saumlaust
All planlegging og gjennomføring av logistikk, mat, og aktivitetar er det vi som står for.
Vi har gode samarbeidspartnare som vi lit på. Det er ein av fleire Eventyr-effektar.