top of page
VÅRT SPORVAL

Vi skreddarsyr firmareiser med minst mulig klimaavtrykk

Allereie i 1921, nærare bestemt den 17. september, klippa NSB snora på Dovrebana. Dei hadde den gongen laga eit spor. Eit spor som Brimi Eventyr har valt å fylje gjestane sine på. 

Stadig fleire firma blir meir miljøbevisste, og ynskjer å reise mest mogleg klimanøytralt. Ein av reiseopplevingane er at du som gjest blir frakta så klimanøytralt som mogleg oppover Gudbrandsdalen. Og dette kan du gjere samstundes som du nyt utsynet oppover Noregs vakraste dal Gudbrandsdalen, nyt nista di eller legg inn litt jobbing to og to, eller i grupper.

 

Dei firmane som vel å reise til utlandet med fly, set eit stort klimaavtrykk. Brimi Eventyr sitt mål er å sette enda større trykk på å spare miljøet ved å arrangere bærekraftige reiser i Noreg, med relasjonsbygging, gode møter og opplevingar som ein naturleg del av innhaldet. Saman opptrer vi miljøbevisst!

bottom of page