BU I EVENTYRET

Sulheim Vertsgård

Sulheim Vertsgård finn du midt i Bøverdalen, ca. 15 minutt frå Lom mot Sognefjellet. Garden vart grunnlagt før 900-talet av Sulheim-familien, og har vore i familien si eige sidan. Den herskapelege garden har meir enn 1000 års- historie og tradisjonar.

FASILITETAR:

Møterom

Restaurant

Overnatting

Sulheim-familien har alltid hatt vertsgarden i kontinuerlig og kjærleg vedlikehald, noko du også får ein kjensle av når du stig inn på tunet. I dag består tuna av meir enn 30 tømmerbygningar, der den eldste bygninga stammar frå ca. år 1250. Dei fleste andre husa, er frå 1500 -og 1600-talet. Garden vart freda som ein av dei fyrste i Noreg i 1923.

 

Vertsgarden ligg skjerma til, så det du vaknar til er lyden av fuglekvitter, den brusande bekken, eller rauting av kyr. Garden er i full drift med mjølk- og kjøttproduksjon, så her er det moglegheit for å få seg eit glas mjølk til frukosten som vart mjølka medan du tok morgonstrekken i senga. Garden har også eigne jaktområder for små- og storviltjakt.

 

Du får ei kjensle av å gå attende i tid, når du ruslar rundt i stovene på Sulheim. Alle stovene er dekorert og møblert med kunst frå tidas mestre i norsk folkekunst. Det finst også eit kunstgalleri på garden. Kunstgalleriet er basert på verk av målaren Terje Fagermo, men husar også verk frå gullalderen i norsk målarkunst ført i penselen av Noregs fremste kunstnare.

Det var jegerar på byrjinga av 1900-talet som var dei fyrste som banka på døra og spurde etter ei seng å sova i på Sulheim. I dag har dei 14 senger fordelt på tre leilegheiter. Maten er basert på sjølvhushald, men kan også bestillast og etast i hovudbygningen.

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar