top of page
6
LOM OG OMEGN

Bærekraft – Bevisst bedrift

Er bedrifta di oppteken av bærekraft? Bli med på eit bærekraftig eventyr i Jotunheimen, med bevisstgjøring og læring. Her blir det ei lærerik reise i istunnelen i Klimapark2469 og på Norsk Fjellsenter, samt smak og lære om norske mattradisjonar og kulturhistorie. Målet er at bedrifta gjennom læring, skal bli meir bevisst på eiga sporval, eller miljøavtrykk om du vil.

SPORVAL – BEVISST BEDRIFT

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

07:45

Matpakke frå Vaaghals

08:02

Tog frå Olslo S.

12:00

Lunsj

13:30

Aktivitet

16:00

Sve gardsbrenneri

17:30

Innsjekk på hotell

18:00

Norsk Fjellsenter

20:00

4-retters meny

DAG  2

10:00

Klimapark2469

13:00

Lunsj

DAG  3

08:00

Frukost

08:00

Frukost

15:30

Egentid

19:00
Lang meny på
BrimiBue

11:30

Tog frå Otta S.

15:03

Ankomst Oslo S.

Dag 1

Turen startar på restauranten Vaaghals, for henting av ei god niste som kokkane har vore tidleg oppe for å stelt i stand. Vidare frå her går turen til Oslo S. og toget som rullar avgårde i retning Otta Skysstasjon. På togturen vil heile gruppa sita samla, og det blir tilrettelagt for god jobbing to og to, eller i større grupper. Sporval egen bedrift.

 

Ved Otta Skysstasjon, vil bussen stå å vente. På bussturen er det lagt inn ein stopp i Vågå sentrum, med lunsj i 70-tals restauranten, Andre Etasje. Når lunsjen er fortært, og energinivået er på topp att, er det neste på programmet, kappleik.

 

Kappleiken er sesongbasert, og blir på førehand lagt opp etter gruppa sitt ynskje. Ein aktivitet kan vere; kajakk, el-sykkeltur eller energikamp. Etter kappleiken går turen i retning hotellet, med ein stopp på Sve Gardsbrenneri for ein kortreist dram.

 

Etter innsjekk på hotellet, blir det ein liten rusletur til Norsk Fjellsenter. Her vil guiden, på ein praktisk, spennande og lærerik måte fortelle om; klimaendringar, klimaavtrykk og bærekraftigoppførsel i naturen. Til slutt blir det kjørt ein bærekraftprosess for eigen bedrift. Dagen blir avslutta med ein 4-rettars middag på hotellet.

 

Dag 2

Dag to startar med ein god frukost, og smørjing av nistepakke. Dagens aktivitet er ein rusletur i istunnelen Klimapark2469 ved foten av Galdhøpiggen. Her blir det guiding gjennom den unike istunnelen, der guiden på Juvassplatået vil fortelja om klimaendringar, dyreliv og menneske i fjellet. Dykk vil oppleva tindane i permafrost, smeltande snøfonner, og dei sensasjonelle funna som er gjort i fonna – utstilt i verdas kaldaste museum. Rett før magen byrjar å rumle, er guidinga over, og vi trekkjer inn for å ete ein betre lunsj.

 

Attende på hotellet er det tid for å køyre ein diskusjon rundt eiga sporval, eller avslapping og eigentid før middag. 

 

Dag 3

På heimreisedagen køyrer bussen attende til Otta Skysstasjon etter frukosten, der toget rullar i retning Oslo S.

 

God tur heim, takk for turen, og velkomne att.

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

Tjoheisann 

* obligatorisk

bottom of page