top of page
8
PÅ SKI OVER FJELL OG BREAR

Råtassen i Jotunheimen

Kunne du tenkt deg å vore med på ein av Noregs råaste skitur tilpassa di bedrift? På denne turen bestig du Noregs høgste fjell, du kryssar fem isbrear, du får anledning til å plukke med deg fleire 2000 meterstoppar, og det i Noregs vakraste fjellområde; Jotunheimen.

RÅTASSEN I JOTUNHEIMEN

Dagsplan

Ein detaljert plan med klokkeslett vil bli utarbeida ved bestilling av tur. Her ser du ei forenkla oversikt, og beskrivelse av pakka.

DAG  1

Togtur med niste (Frå Vaaghals)

Lunsj

(BrimiBue, Lom)

Skileik

Utdeling av seng

(Juvasshytta)

Fleire jælma gode rettar

DAG  2

Niste & termos

Over og rundt 2469

(Galdhøpiggen)

Oss et nista i lag

Jælma god meny

DAG  3

Niste & termos

Fem isbrear

Fjellmat og fjellfolk

Utdeling av seng

DAG  4

Heim att

Mål

Målet for denne turen er å utvikle både samhaldet og kommunikasjonen kollegialt, og skieigenskapane til den enkelte. Det vil også bli eit godt påfyll av kunnskap om vinterfjellet, samt ski- og skredutstyr.  

 

Kollegaer kjenner kvarandre som personar, ofte kunn innanfor kontoret sine fire vegger. Etter ein firmatur som denne, vil dei kome attende på arbeid, ikkje berre med ein oppleving rikare, men med ein kjennskap til kvarandre på ein heilt anna måte. Alle har dei forskjellige forutsetningar for ein slik tur, men her må dei saman løyse utfordingane som kan dukke opp undervegs som; rumlande magar, sure lår, kort pust, tome drikkeflasker og neglebiten. Alle utfordringane som dukkar opp under vegs, er gløymt når ein sig ned i setet og er på tur heim. Då er det dei fantastiske minna frå turen ein sit att med, og det saman med kollegaene sine.

 

Dag 1

På avreisedagen blir gruppa skjemt litt burt, for nista treng ikkje smørjas. Den hentas på restauranten Vaaghals, før toget  rullar oppover Gudbrandsdalen kl. 08:02. Nista blir nytt saman med sidemann, og utsikta oppover Noregs vakraste dal. Undervegs vil det bli utdelt kart og turplan, som kan studerast og diskuterast.

 

Når toget rullar inn på Otta Skysstasjon, står bussen og venter. Den gjer ein liten stopp i Lom, for ein god lunsj på BrimiBue, før den køyrer oppover Nord-Europas høgstliggjande veg med Juvasshytta på 1660 moh som endestasjon.

 

Nå er det tid for å røyve litt på kroppen, og teste utstyret i skitrekket. Her vil guiden, som skal vere med under heile opphaldet, ha ein gjennomgang av både skiutstyr og skredutstyr. Det vil også bli eit lite kurs i skred, fjellvett, og pakking av tursekk. Før senga ropar, vil kokkane servera ein god middag med mange gode smakar frå Jotunheimen.

 

Dag 2

Fyrste turdagen startar med ein god frukost, smørjing av ei solid matpakke og fylling av termosen, før ein labbar i veg på dagens eventyr som er Galdhøpiggen rundt, med bestiging av sjølvaste Piggen. På turen blir fire isbrear kryssa med Noregs høgste toppar som kulisser. Turen er lang, men går for det meste i slakt og skiteknisk enkelt terreng. Enkelte plassar er det bratte parti der skiene må på sekken, og vi må ta oss fram til fots.

 

Vel framme på Juvasshytta, ventar ein varm og god dusj før middagen vert servert. For den som ynskjer, er det høve til litt tullprat med i kald øl, før kroppen skal kvile.

 

Dag 3

Den andre turdagen startar som den fyrste; med ein god frukost, smørjing av ei solid matpakke og fylling av termos. Denne dagen skal vi forflytta oss til ei ny fjellstove, Leirvassbu. På skituren dit skal vi krysse heile fem isbrear, og undervegs er det moglegheit for å plukke med seg fleire 2000 meterstoppar. Og med høgdemetrane kjem det artig nedkøyring.

 

Vel framme på Leirvassbu er det innafor å ta seg ein liten cowboystrekk før middagen, eller dele dagens opplevingar over ei stor iskald øl. Vertskapet vil servera fjellmat med god drikke, og med gode historier til. Om du tek deg ein dram, eller om du går inn i draumen etter middagen, blir opp til kvar enkelt.

 

Dag 4

På avreise dagen, blir framkomstmiddelet beltevogn fram til bilvegen. Der står bussen som køyrer attende til Otta Skysstasjon, og  toget som rullar i retning Oslo S.

 

Takk for turen, vel heim og velkomne att!

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Takk, du høyrer fra oss!

bottom of page