top of page
MODERNE TRADISJONSGASTRONOMI

BrimiBue

BrimiBue skil seg litt ut arkitektonisk i sentrum av Lom. Når du kjem inn døra er det trevirke, luft og hemelaga som slår mot deg. Midt i Nasjonalparklandsbyen Lom, vart draumen til fire gründerar og to kokkar, som begge har hatt læretida si på Vianvang, oppfylt den 17.juni 2017

FASILITETAR:
BE_Ikoner_04_kjøkken.png

Restaurant

På BrimiBue er det tradisjonsgastronomi som sit i høgsete. Når du set deg til bords, til lunsj eller middag, vil du få servert moderne tradisjonsmat. Du både ser og kjenner at maten er laga med ei kjærleg hand for matfaget.

 

Fall smakane på tallerken i smak, kan du få kjøpt med deg noko av ingrediensane med deg heim frå den vesle butikken, Bue inne i på BrimiBue. Her sel dei eiga heimelaga produkt. Desse er sesongbassert og vil difor variere etter sesong. I tillegg til eige produkt har dei spanande produkt frå små matprodusentar, samt Arne Brimi sine knivar, syltetøy og krydder.

bottom of page