top of page
VELKOMEN TIL MAT OG KVILE

Brimi Fjellstugu

Brimi Fjellstugu ligg på snaufjellet, rett over tregrensa, og er omkransa av høge, stolte fjell. Opprinneleg var Fjellstugu eit gamalt tømra ysthus, som vart sett opp av familien i 1949. Etter dette er plassen bygd ut fleire gonger, seinart med ny restaurant og inngangsparti i 2013. I dag arbeider både andre, tredje og fjerde generasjon Brimi saman, og fører tradisjonane vidare. 

FASILITETAR:
BE_Ikoner_04_meet.png

Møterom

BE_Ikoner_04_kjøkken.png

Restaurant

BE_Ikoner_04_seng.png

Overnatting

BE_Ikoner_04_fjell.png

Aktivitetar

Her har folk kome att år etter år for å ete godt, og kvile godt. Når du sit i restauranten kan du nesten få kjensla av å sitja ute. Dei store vindauga gjer at været, og naturen kjem inn i rommet. Når lufta frå kjøkenet kjem svevande, og du får tallerken framfor deg, ser du, og etter kvart kjenner at maten er heimelaga med røter i tradisjonar frå bygda og sæterstell.

 

Ynskjer du nyte eit måltid ute, har Fjellstugu fleire turar opp til Steinbua om hausten. Her får turfølget følge av ein kjentmann, som vil fortelja «skrønerhistorier» undervegs. Framme ved Steinbua, det bli servert ein 3-retters lunsj. Du kan også nyte ein 3-retters lunsj ute i BrimiSkogen, og prøve klatreparken før eller etter lunsj.

 

Brimi Fjellstugu er ein del av Brimiland, saman med Vianvang, BrimiSkogen, BrimiBue, Brimi sæter og Brimi Eventyr. Landet som ikkje er teikna inn på vanlege kart. Men landet finst, midt mellom Vågå og Lom i Gudbrandsdalen, og i eitt av Noregs vakraste fjellområder; Jotunheimen.

bottom of page