Aktivitetar

Det finst mange måtar å oppleva den store naturen i Gudbrandsdalen og Jotunheimen på, og våre aktivitetar kan gje alt frå adrenalin til indre ro. Målet er å lære nye ting, samt få ny kunnskap om historie og kultur. Aktivitetane variera gjennom dei forskjellige sesongane.

Ein liten rusletur på ca. 2 timar fra Brimi Fjellstugu ligg Steinbua. På veg opp hit vil ein kjentmann fortelje historier, og kva ein ser. Turen er forhaldsvis enkel, men akkurat lang nok å bli passe svolten på turen. Vel framme på Steinbua, har sherpaene tilbereia ein 3-retters bål-lunsj. Eimen av denne kjem sivande innover den siste sletta.  

Steinbua

RUSLETUR MED MAT OG UTSIKT

I tilknyting til Klatreparken og koiene har vi opparbeid eit utekjøken med amfi. I amfiet sit du og ser ned på blant anna Arne Brimi som tilbereder ein 3-retters bål-lunsj, medan han utleverer kunnskapen om maten som blir servert, og gode skrønerhistorier. Bål-lunsjen vert ofte kombinert med aktivitetar i BrimiSkogen.

BrimiSkogen - Bål-lunsj

UTEKJØKEN

Ynskjer du å utfordre gruppa di i ei konkurranse der lagarbeid er viktig for å gå av med sigeren? Dette er ei konkurranse som er laginndelt, der samarbeid er viktig. Ein liten kunnskap om råvarene dykk få utdelt er sjølvsagt og ein fordel. Fin aktivitet for teambuilding.

Kokkekamp

LAGARBEID

På 2469 moh står du på toppen av Noregs tak. Fjellet ruvar over tindane rundt, noko som gjev ein fantastisk utsikt over Jotunheimen. På turen vil du også få oppleva brevandring når Styggebrean skal kryssas. Tenk å nå toppen av Noreg saman med kollegane, venene eller familien!

Galdhøpiggen

NOREGS TAK

«Har du sett den Gjendin-eggen noen gang»? Vi tek deg trygt over den skarpe fjellryggen som er ein av Noregs mest populære og mest gåtte fjelltur. På toppen av sjølve eggen har du ei fantastisk utsikt innover Jotunheimen og Gjendealpane. Det høgste punktet på turen er Veslfjellet på 1743 moh.  

Besseggen – Vår/sommer/høst

VERDKJENT UTSIKT

«Har du sett den Gjendin-eggen noen gang – kledd i hvitt? Nærare 70 000 går turen om sumaren, men på vinteren er det ikkje mange som tek turen. Vi tek deg trygt opp eggen saman med våre lokale guidar, som er lommekjente over den majestetiske Besseggen. Høgste punktet på turen er Veslfjellet på 1743 moh.

Besseggen – Vinter

KLEDD I VINTERDRAKT

Med fleire kjente namn på laget som Arne Brimi og Kristoffer Hovland, blir eit matkurs i Lom eller i Brimiland eit matgilde. Med utgangspunkt i gode råvarer blir du inspirert og lærar meir om «den gode og opphavelege smaken». Ideane frå kurset tek du med heim, og deler med familie, vener eller kollegaer.

Matkurs

GODE RÅVARER

Even Brimi, son av Arne er utdanna sommelier på Kulinarisk Akademi, og er vinkelner og servitør på Vianvang. Han vil med sin brede kunnskap innan faget, lære frå seg kva du skal fokusere på når det gjeld å nyte og servere vin, om dyrking og kva dyrking gjer med smaken av vinen.

Vinkurs

LÆRDOM OG SMAK

Midt i Lom sentrum finn du Smak i Lom, ein intim- butikk og kafé som sel småskala mat- og drikkevarer. Inne i kafeen kan du få smake på det lokalproduserte lagerølet; Lomb. Ølet har lokal tilknyting enten det gjeld bruk av råvarer, historie eller geografi. Lom Bryggeri har bryggeriet sitt på Grjotheim gard i Lom

Ølsmaking

LOKALE PRODUSENTAR

Bli med inn på tunet på Sulheim, som vart grunnlagt før 900-talet. Her er stuene møblert og dekorert frå dei gamle mestrane i norsk folkekunst. Bygningar på gardstunet er omgjort til galleri, og husar bl.a. maleri frå den kjente norske kunstnaren Terje Fagermo. Garden er i dag i full drift med både mjølk- og kjøttproduksjon, og turisme.

Sulheim Gard

KULTURHISTORIE

Norsk Fjellsenter er eit museum for fjellturismen si utvikling, brearkeologien med gjenstandar heilt attende til steinalderen som er smelta ut av isen på grunn av klimaendringar. I tillegg er dei eit mini-vitensenter, og er besøkssenteret for nasjonalparkane; Jotunheimen, Reinheimen og Breheimen.

Norsk Fjellsenter

FRÅ STEINALDEREN TIL I DAG

I BrimiSkogen finst det tre koier som dannar et nett tun med plass til seks personar i kvar koie. Her kan du overnatte på enkel vis utan straum og vatn, men med varme frå ein sprakande ovn. Koiene er knytt saman med klatreparken og bålkjøkenet, og sanitæranlegget tilhøyrande BrimiSkogen kan sjøvsagt nyttast.  

BrimiSkogen - Koie

OVERNATTING PÅ ENKEL VIS

Ein dag på Blåisen, blir eit minne for livet. Du treng ikkje bli kjei, for her er heile poenget å oppleve noko, ikkje å koma lengst mogleg på stuttast mogleg tid. Her får du sjå sprekker, grottar og tårn i isen. Kanskje har du lyst til å krabbe gjennom instunnel, bli fira ned i ein issprekk eller klatre med isøks?

Brevandring

ISBLÅTT MINNE

Ein bratt oppoverbakke på dryge 900 høgdemeter opp frå Lom sentrum ligg majestetiske Lomseggen på 1289 moh. På turen går du inn i Breheimen nasjonalpark, og når du kjem over tregrensa får du utsyn til nasjonalparkane Jotunheimen, Reinheimen og Rondane, samt det høgste fjellet av dei alle; Galdhøpiggen.

Lomseggen

MAJESTETISK OVER LOM

Utforsk fortid og notid i istunnelen ved Galdhøpiggen! 50 meter inn i isen og 7000 år attende i tid, blir du guida gjennom den unike istunnelen. Turen er ei kjelde til kunnskap om klimahistorie, jakt og fangst, geologi og biologi. Over Juvflye, ved foten av Galdhøpiggen er det tilrettelagt med gangveg og formidlingsstasjonar.

Klimapark2469

UTFORSK ISTUNNELEN

I BrimiSkogen Klatrepark, blir du utfordra på balanse, koordinasjon og styrke på ein leikande måte. Klatreparken har fem løyper hengande oppe mellom trea. Løypane har ulike vanskegradar, og er i ulike høgder over bakken. Det er lagt opp til at ein undervegs kan få hjelp til å koma seg ned på bakken att når ein sjølv vil.

BrimiSkogen Klatrepark

HØG UTFORDING

Når du kastar deg ut i zip-linen, som er spent opp under brua i Lom sentrum, vil brevatnet frå fossen sprute i ansiktet ditt, medan den grøne elva bølgjer seg rett under føtene dine.

Zip-line

MIDT I LOM SENTRUM

Er du god på brubygging, er du ein praktikar, strukturert eller god til å samarbeide og sjå heilheita? Her blir det utfordringar for alle. Samarbeid er nøkkelen for at laget til slutt skal stå att med siger under føtene, når bura skal visas fram, og testas ut.

Brubygging

SAMARBEID

På Galdhøpiggen Sommerskisenter kan du frå mai til november stå på ski i alpinanelegget. Juvbreen har ein heis, og ein nedfart fordelt på 25 trasear. Det finst og ein park, og frikjøringsområde. Blir du svolten eller kald kan du få att varmen og fylle på med energi inne i kafeen.

Galdhøpiggen Sommerskisenter

SHORTS OG ALPINSTØVER

Midt i Jotunheimen, ved Leirvatnet og Leirvassbu, ligg det spisse og karakteristiske fjellet Kyrkja på 2032 moh. Det at Kyrkja ligg så lett tilgjengeleg, kombinert med den unike utsikta frå midten av Jotunheimen, gjer fjellet til eit svert populært turmål.

Kyrkja

TILGJENGELEG UTSIKT

Grottene som vi vitjar vart danna under istida for omlag 10 000 år sidan ved at surt vatn løyser opp marmor som vert vaska burt saman med porøse bergartar, medan dei harde består. I grottene vil du oppleve underlege bergformasjonar, stillheit og kraftig elvebrus om kvarandre.

Grottevandring

UNDERJORDISK OPPLEVING

I låven på Sve gard har dei innreia til eit moderne brenneri, med brannsikkert alkohollager og rom for destillering. Her finst det einaste apparatet i Noreg, utanom industrien som klarar å lage rein nok sprit til å laga Vodka, Gin og Akevitt. Smakstilsettinga på spriten er lokale smakar frå beite- og utmark.

Akevitt på Sve Gardsbrenneri

LOKALE SMAKAR

Jotunheimen er eit fantastisk område å oppleva på ski om vinteren, og vi held til midt i eldoradoet. Når vi ligg slikt til, kan vi velje mellom mange turar, og legg turane dit skiføret er tryggast og best. Vi brukar sjølvsagt dei beste og mest erfarne guidane, som er lommekjente i området.

Randonnèetur

MIDT I ELDORADOET

Ein rusletur i Nasjonallandsbyen Lom, med innlagte stopp på fleire serveringsstader som  Bakeriet i Lom, Smak i Lom og BrimiBue. Her blir det små smakar som set i sving smakslaukane. Vi har og moglegheit til å fylle på med historiske og kulturelle innslag ved å vitja Stavkyrkja og Norsk Fjellsenteret.

Rusletur i Lom sentrum

BLI KJEND

På lydlause jernhestar kan du anten i ditt eige tempo og ruteval, eller med guide oppleva fjellheimen på nært hald. Val av ruter og vanskelegheitsgrad er mange. Du vel sjølv om du vil sykle på dei mange grus- og traktorvegane, eller om du dreg av vegen, og inn på stigane rundt omring i området.

El-sykkeltur

DITT TEMPO

Sjoa er grøn, brusande og omtalt som Noregs beste raftingelv. Raftare og elevpadlare frå alle verdas krikar og krokar kjem til Sjoa for å opplev dei brusande bølgjene og stryka evla har å by på. Nivået på raftingturen blir satt utifrå gruppas ønske.

Rafting

BRUSANDE SJOA

Med yoga i Jotunheimen blir du med på ei reise ut i naturen, og inn i deg sjølv. Bli med på rolege yogaøvingar i rolege omgjevnader, og nyt den utrulege kjensla av å få meir energi – midt i hjarta av Jotunheimen.

Yoga

NYT ROEN

Ei konkurranse beståande av fleire postar, der alle kan delta og den fysiske former ikkje er avgjerande. Øvingane krev både godt samarbeid og kommunikasjon. Her er det like mykje hovudet  som får kjørt seg som kroppen.

Eventyrkonkurranse

SAMARBEID

Kontakt oss gjerne

Ved spørsmål er det berre å kontakte oss, anten på tlf 61 23 20 00 (mån-fre: 09-15:30) eller ved å sende ein uformell førespurnad nedanfor, så tek vi kontakt. Vi ser fram til å høyre frå deg!

* obligatorisk

Brimi Eventyr AS | Org.nr. 999 643 558 MVA |  Brimi Fjellstugu N-2680 Vågå  | Tlf: 61 23 20 00  | yngve@brimieventyr.no | heidi@brimieventyr.no | ® 2018 Brimi Eventyr AS |
 Om oss | Om bruk av informasjonskapslar

Norsk Fjellsenter

Foto: Kristoffer Mæle Thuestad